Fotballgøy er eit av Askøy Fotball sine prosjekt for å utvide det sportslege tilbodet til alle barn i kommuna som har lyst å spele fotball. Her er alle velkomne uavhengig av alder, kjønn, tilhørigheit og erfaring. Dette initiativet er motivert av både generelt tilbod om fysisk fostring, men også med omsyn til grunnleggande prinsipp om å få alle med, gjere ein tidleg innsats og innføring i Fairplay. Det er lagt opp til tett oppfølging frå intruktørar som har god kompetanse på fotball, og med fokus på å legge til rette for utvikling og mestringsfølelse for kvar enkelt. Det er også eit tilbod for at medlemmar (både store og små) skal kunne møtast på og utanfor banen.
Gratis og inkluderande
Fotballgøy er eit lavterskeltilbod, og invitasjonen går ut til alle barn i Askøy Kommune som går i 3. klasse og oppover. Målet er å lage ein sosial arena for alle som allereie speler, har lyst til å spele eller kanskje berre prøve ut fotball for ein dag. Dette inkluderer altso både å utvide tilbodet til eksisterande medlemmar, og å gje eit tilbod til born som ikkje har tilhørigheit i klubben. Deltaking er gratis, og vil difor treff difor barn er difor eit viktig tilbod på tvers av sosioøkonomiske skilnader i status og helse, der det også er viktig med tidleg innsats for at fleire skal få eit godt utgangspunkt.
Profesjonelt tilbod
Det sportslege opplegget vil inkludere gode og enkle øvelsar, som er tilpassa ferdigheitsnivået til dei som deltek. Det vil mellom anna vere fokus på teknikkar for skadefri trening, og mykje tradisjonelt ballspel for å fremje speleglede og lagfølelse. Det vil også lagt opp til å introdusere nye øvelsar som gir ny motivasjon inn mot eigen treningskvardag. Instruktørar vil bli leigd inn etter behov, og det er ønskeleg med ein høg tettleik av engasjerte ungdomar og instruktørar i forhold til antal barn, som i tillegg til det sportslege vil skape gode rammer og vere gode førebilete for borna. Det er også eit delmål her å gje engasjerte ungdomar erfaring i leiing og instruksjon, noko som også vil bli honorert.
Matpause og sosialt utanfor banen
Alle deltakarar får også mat i løpet av arrangementet. Matpause handlar ikkje berre om å få i seg næring, men er også ein viktig del av det sosiale tilbodet ved eit slikt arrangement. Alle skal ha nokon å spise i lag med, og forhåpentlegvis skal alle kunne fortelje om den nye venen dei fekk denne dagen. Det vil bli tilbudd sunne matvarer, frukt og grønsaker som er gode byggesteinar for både små kroppar og sjeler. Dette bidreg også i eit ledd for å styrke bevisstheit om ernæring og slik betre folkehelse og utgangspunkt for å delta i alle typer idrett.
Bytte og arve utstyr
Det er ikkje nødvendig å ha fotballsko eller anna utstyr for å delta. I forbindelse med slike arrangement er det ein risiko for at skilnader i tilgang til utstyr kan virke ekskluderande, som kan vere ein eigen årsak til fråfall for dette arrangementet eller i fotballen generelt. Det vil difor også bli gjort ein innsats for å kunne låne og arve utstyr som ikkje er i bruk lenger, og bytte for små sko til større storleikar.