Barnefotballutvalget (BFU)

Formål og rolle: Skape gode rammer for barnefotballen gjennom å representere og støtte barn, foreldre og trenarar, og ivareta verdiane til klubben: Kvalitet, Inkludering, Respekt, Ansvar

BFU skal bestå av frivillige foreldrerepresentantar frå alle kretsane: Follese, Strusshamn, Kleppe, Kleppestø og Florvåg. BFU er kontaktpersonar for alt som gjeld barnefotballen (e-post leiar: barnefotball@askoyfotball.no) og er bindeleddet mellom klubben og barnelaga.

På feltet:

BFU skal jobbe for å legge til rette for at alle barna skal ha eit godt sportsleg tilbod, og at alle lag følgjer Askøymodellen og NFF sine reglar for barnefotball. BFU har saman med Fairplayutvalget fokus på å løfte opp Fairplay for å få konfliktfri treningskvardag og kunne fokusere på sport på kamp og trening.

Utanfor feltet:

BFU skal hjelpe barn og foreldre å forstå, respektere og implementere klubbens verdiar, styringsverktøy og retningslinjer. BFU skal bidra til at både barn og foreldre får eigarskap og tilhørigheit til klubben og bygge bruer mellom laga for å skape samhold og godt miljø. BFU skal støtte laga i å kome godt i gang.

Ansvarsområder:

Organisering av laga

  • Følge opp at roller rundt laget er på plass (laglederar, foreldrekontakter, trenerveileder)
  • Bistå i rekrutteringsarbeid, saman med rekrutteringsansvarleg for klubben

Informasjon

  • Sørge for at nødvendig informasjon er gjort tilgjengeleg på heimeside, i spond og i nyheitsbrev.
  • Informere om kva som blir forventa av foreldre (kontingent, medlemsavgift, dugnad, oppfølging)
  • Formidle informasjon om kontingent (https://askoyfotball.no/kontingent/ ) og korleis bli medlem i klubben (askoyfotball.no – bli medlem)
  • Oppdatere aktivitetsplan for barnelaga (trening, kampar, cupar, sosiale arrangement)
  • Etter ønske representere klubb på foreldremøte
  • Bidra i organisering av trenerforum og lagledermøter

Har du spørsmål? Kontakt barnefotball@askoyfotball.no

Alle spørsmål rundt medlemsregisteret spond skal sendast til spond@askoyfotball.no

Sport og aktivitetar

  • Sørge for at alle lag har det dei treng av utstyr (drakter, ballar, keeperhanskar)
  • Informere om krav til politiattest for trenarar (https://askoyfotball.no/politiattest/ )
  • Bindeledd mellom sport og barnelaga – bistå i implementering av Askøymodellen og kursing i XPS, og kontakt med trenerveileder for oppgfølging på felt. (lenke ny Askøymodell når klar)
  • Formidle retningslinjer om cupar og planlegging av sommarcupar
  • Bidra rundt organisering av sportslege aktivitetar på våre anlegg
  • Tilrettelegging av treningstider
  • Organisere interne arrangement i klubben, til dømes kick-off, oppstartsdag for nye lag og sesongavslutning

Fairplay

Inkludering og berekraft