Invitasjon til oppstart – J/G6

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on email
Share on whatsapp

Til alle jenter og gutar som har byrja i 1. klasse:

Gratulerer med skulestart! Vi i Askøy Fotball håper at du har lyst å kome på besøk til oss søndag 3. september kl 14 i Skogen, slik at vi kan vise kva vi brukar å gjere på fotballtrening. Då kan du finne ut om du har lyst til å byrje på fotball og vere med på eit lag som trener kvar veke.

Vi gler oss til å møte alle førsteklassingar, både dei som allereie har starta på førskulelag og dei som aldri har spelt fotball før. Før dette skal dei vaksne ha eit møte og snakke litt meir om kva vi gjer på trening. Du treng ikkje ha utstyr når du kjem på besøk.

Til Foresatte:

Vi inviterer til informasjonsmøte for alle førsteklassingar (f. 2017) på klubbhuset i Myrane tysdag 29. August kl 18.30, der vi ønsker å gi eit innblikk i kva Askøy Fotball kan tilby unge håpefulle fotballspelarar. Besøk oss gjerne på https://askoyfotball.no/ og facebook, der vi også vil legge invitasjon og de kan gje beskjed om at de vil delta.

For at alle skal få ein god start ønsker vi å møte foresatte for både nye og gamle spelarar for å informere litt om klubben, kva tilbod ungane får og kva som er forventa av våre medlemmar og deira foresatte.

Vi er avhengig av frivillige foreldretrenarar for å kunne starte opp lag. Dei som vil vere trenarar må ta kontakt med sportsleg ansvarleg for barnefotballen – Jon-David (Jon-David@askoyfotball.no ) for å få informasjon om kva som må på plass før de kan starte med treningar. Dette gjeld også dei som har vore med som trenarar for førskulekullet eller andre lag i klubben tidlegare. Vi vil starte opp eit høveleg antal lag utifrå kor mange born som er interesserte.

På møte vil vi gå gjennom:
• Overgang frå førskulekull til J/G 6
• Korleis melde inn nye medlemar (Spond)
• Struktur rundt laga som skal på plass før oppstart
• Ressursar i klubben (sportsleg ansvarleg, trenerveiledar, BFU, utstyr, drakter)
• Treningstider
• Organisering av trening (Korleis vil vi ha det på trening)
• Fairplay
• Kontingent og inkludering
• Dugnad