Til alle jenter og gutar som skal starte på sitt siste år i barnehagen!
Endeleg har de blitt so store at de kan få byrje på fotball! Vi i Askøy Fotball håper at du har lyst å kome på besøk til oss søndag 3. september kl 12 i Skogen slik at vi kan vise kva vi brukar å gjere på fotballtrening. Då kan du finne ut om du har lyst til å byrje på fotball og vere med på eit lag som trener kvar veke. Før dette skal dei vaksne ha eit møte og snakke litt meir om kva vi gjer på trening. Du treng ikkje ha utstyr når du kjem på besøk.
Til foresatte:
Vi inviterer til informasjonsmøte for foresatte til alle førskuleborn (f. 2018) på klubbhuset i Myrane tysdag 29. August kl 17, der vi ønsker å gi eit innblikk i kva Askøy Fotball kan tilby unge håpefulle fotballspelarar.
Besøk oss gjerne på nettsiden eller facebook, der vi også vil legge invitasjon og de kan gje beskjed om at de vil delta. For at alle skal få ein god start ønsker vi å møte alle foresatte og informere litt om korleis klubben fungerer, kva tilbod ungane får og kva som er forventa av våre medlemmar og deira foresatte.
Vi er avhengig av frivillige foreldretrenarar for å kunne starte opp lag. Dei som vil vere trenarar må ta kontakt med sportsleg ansvarleg for barnefotballen – Jon-David (Jon-David@askoyfotball.no ) for å få informasjon om kva som må på plass før de kan starte med treningar. Dette gjeld også dei som har vore med som trenarar i klubben tidlegare. Vi vil starte opp eit høveleg antal lag utifrå kor mange born som er interesserte.
På møtet vil vi gå gjennom:
• Korleis melde inn nye medlemar (Spond)
• Struktur rundt laga som skal på plass før oppstart
• Ressursar i klubben (sportsleg ansvarleg, trenerveiledar, BFU, utstyr, drakter)
• Treningstider
• Organisering av trening (Korleis vil vi ha det på trening)
• Fairplay
• Kontingent og inkludering
• Dugnad
Beste helsing,
Barnefotballutvalget hos Askøy Fotball
E-post: barnefotball@askoyfotball.no